tirsdag 9. april 2013

Dagens salme 9.april: Eg veit ein hage

Eg veit ein hage full av fred,
til porten titt eg vankar,
han lokkar helst når sol går ned,
i lengting hjarta bankar.
Min beste venn der inne går,
og eg ved porten enno står.

Eg veit ei kjelde frisk og klår,
kvar kvelden kan eg høyra,
ho surlar djupt - når stilla rår-
så herleg for mitt øyra.
Og eg som kunne vatnet nå,
kvi tyrstar eg ved kjelda då?

Eg veit ein gamal veg å gå,
når morgon atter randar.
Den vegen ber mot høgder blå,
der lett og fritt eg andar.
Frå kraft til kraft den vegen ber,
men sjeldan, sjeldan går eg der.

Kvar morgon, dyre Frelsar min,
og når eg ser det kvelda,
å, lei meg i din hage inn,
og tørsten sløkk i kjelda!
Du veit om alt som i meg er,
du veit og at eg har deg kjær.


Tekst av Emil Liedgren 1919, Oversatt av Bjerkrheim. Melodi ved Bernhard Berglund 1937

Liedgren (Karl Gustav Emil L.) var svensk teolog og lærer- og salmehistoriker. Liedgren skrev flere andre salmer, men dette er den eneste som er i Norsk Salmebok av han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar