torsdag 30. mai 2013

Dagens salme 30.mai: Still no dine strengjer


Still no dine strengjer, Ande, lyft no vengjer,
stig med song mot sky!
Alle som kan mæla, syng i dag om sæla
rundt i bygd og by!
Mann og møy om land og øy,
kristenfolk frå alle leider,
syng til Jesu heider.

Sjå Guds Son med siger opp til himmels stiger
til sin kongestol!
Engleskaren helsar himmelfaren Frelsar
som all skapnings sol.
Jesu gjerd og himmelferd
lovar dei i kvite klede
sælt med sigers kvede.

Heil deg i ditt velde, drott som dauden felde,
ormen slo i hel!
Vonde andar gråta, alle himlar låta
høgt av lovsong sæl.
Lov og ros for liv og ljos
fylgje deg på himmelferdi
frå den frelste verdi!

No er freden vunnen, himmelvegen funnen
ved vår Frelsarmann.
Gjennom fyrehenget inn han heve gjenge
og vår løysing vann.
Høg og sterk med velgjort verk
sit han over sol og stjerna
der han vil oss verna.

So eg glad og trugen heim vil venda hugen,
der du, Frelsar er.
Må ei stund eg bida og av lenting lida,
heim då vegen ber.
Glad og nøgd til himmelhøgd
opp eg stunda vil og stara,
til eg heim fær fara.

Far då sæl og fegen opp i fyrevegen!
Snart eg fylgja skal.
Du meg opp vil draga og eit rom meg laga
i din himmelsal. So eg dreg den same veg.
Til din heim du vil meg lysa
i di hall meg hysa!

Dette er en salme av Elias Blix, den er å finne i "Noen salmer fra nord". Melodi nedtegnet etter Ida A Pettersen til"Gud skal allting laga".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar