No kjem han frå Gud, vår signa dag
og morgonen gryr om lande.
Gud lyse for oss som fer i lag,
så me kan hans glede sanne.
Han vare frå synd og skam i dag
og frie oss or vår vande!
Den krossen vår Herre tok på seg,
for vår synd, og ikkje sine,
eg set mellom djevelen og meg,
eg meiner Guds dyre pine.
Det blodet som ned på krossen rann,
det slettar ut synder mine.
Sjå småfuglen flyg så fritt og fjågt,
og sigler mot høge tindar!
Det er ikkje lett med lita makt
å klive dei bratte rindar! *
Men småfuglen lyfter vengen trygt
og stig på dei sterke vindar.
Om dagen kan synast heller lang
så lyt det mot kvelden stunde.
Og døden held livet under tvang,
på det skal me alle grunne!
Dei ber oss til grava ut ein gong
eit unntak har ingen funne.
Gud gjeve at me han trutt har tent
i verda på rette måte,
og såleis hans Son i trua kjent,
at alltid me har Guds nåde
når verda har ryggen til oss vendt.
Då æveleg fryd skal råde.
Når så til vårt rette fedreland
frå sorgene me skal fare,
da gjev eg mi sjel i Herrens hand,
han vil henne trufast vare.
Gud Fader, Guds Son og Anden god
sitt Amen til bøna svare!
*Bergrygger
Nordisk dagvise fra 1300-tallet/Dansk fra 1500-tallet.
Melodi: førreformatorisk dansk melodi.
Finnes som nr 771 i Norsk Salmebok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar